Dette er ei fin historie frå Erode, sør i India, der ein rhesusape har adoptert ein liten hundekvalp som verken har ei matmor eller ei hundemor.
Apekatten gir han mat, inkludert druer, reingjer kvalpen og viktigst av alt – passar på at det ikkje skjer noko med han.
Ifølgje Daily Mail har bileta blitt sett fleire hundretusen gonger på Facebook. Korfor apekatten har adoptert kvalpen er usikkert, men nokre som den britiske avisa har snakka med meiner det kan ha samanheng med at apekatten har mista sin eigen baby.
I toppen kan du sjå ein video med fleire flotte bilete av hundekvalpen og apekatten.