Menneske drep menneske, diverre. Og apekattar drep óg apekattar, diverre.
Eit apedrap som har fått mykje merksemd dei siste dagane skjedde i Melbourne i førre veka.
Den 13 år gamle hann-gorillaen Otana gjekk til åtak på ho-gorillaen Julia (33), skriv Guardian.
Drapsgorillaen hadde tidlegare vist noko aggresjon mot gorillaer av det motsette kjønn, men den sosiale dynamikken i gorilla-gruppa hadde likevel sett ok ut, ifølgje tilsette i dyrehagen.
Etter den overraskande valden som Otana stod, bak fekk Julia store skader, og to dagar etterpå døydde ho.
Etter åtaket har drapsgorillaen blitt isolert frå dei andre gorillaene i dyrehagen. Dei andre gorillaene får no krisehjelp av dyrepassarane, skriv dyrehagen på nettsida si.
Skriv gjerne i kommentarfeltet? Bør Otana får leva, eller bør han døy på grunn av den grusamme handlinga han stod bak?
Mens det mange stader i verda diverre framleis blir gjort forsøk på apekattar, til dømes i USA og Tyskland, har danskane slutta med det.
Politiken har ein veldig interessant reportasje om den siste danske forsøksapen som no er død, og historia knytt til apeforsøk i nabolandet i sør.
Sebastian blei 31 år og var den siste overlevande før han blei avliva for eit par veker sidan som følge av ein hjartesjukdom. Sine siste år levde han i ein dyrepark, men i sine yngre år lidde han og hans venner fordi dei blei forska på.
– Då eg gjekk heim om kvelden, blei apane ståande i bura. Det tenkte eg naturlegvis på, men eg kunne heller ikkje akseptera alternativet – skulle me gi opp å utvikla nye legemiddel eller gi pasientar medisinar som ikkje var testa skikkeleg? seier Thomas Werge som er leiar ved forskningsdelen på Sct. Hans Hospital.
Frå 1980-talet til 2004 blei store delar av anti-psykotiske medisinar som i dag blir brukte i Danmark fyrst testa ut på Sebastian og hans vener. Apekattane blei og gitt amfetamin.
Grunnen til at det blei stoppa i 2004, var i hovudsak at EU stramma kraftig inn på moglegheitene for å gjera forsøk på apekattar.
På den andre staden i Danmark kor det blei gjort apeforsøk, på tannlegehøgskulen i Århus, blei apane likvidert. Men det psykiatriske sjukehuset Sct. Hans i Roskilde fekk sikra at dei 12 hannapekattane fekk leva vidare i ein dyrehage i Djursland. Dei to ho-apekattane blei likevel avliva.
Hos Politiken kan du lesa meir om korleis dei danske apekattane blei påverka av forsøka.
Har du sett desse søte krabatane? Då vil gjerne Oslo Reptilpark, som har vore så greie å dela desse bileta med oss, høyra frå deg.
SISTE: Apekattane er komne til rette igjen! Les meir her: https://m.facebook.com/osloreptilpark
Det finst tjuvar, og så finst det noko så simpelt som apetjuvar. I Oslo har nokre vandalar brote seg inn hos Oslo reptilpark og stole dei to silkeapane Thomas og Nano, skriv osloby.no. Den dyreansvarlege i parken fryktar at apekattane allereie kan vera daude av stress. På Facebook-sida til reptilparken skriv dei: «Vi er tynget av sorg idag. Værsåsnill, om noe vet noe, ta kontakt! Ser du aper for salg, blir du tilbudt en, er det noe som plutselig har aper, DET KAN VÆRE VÅRE!» Eigar Are Hogner seier dette til Osloby. – I løpet av eit par veker døyr dei. Dei må ha det varmt og trygt. Og dei et Gummi arabicum som ein ikkje får tak i i Norge. Reptilparken hadde hatt dei to apekattane, som kom frå dyreparken i Kristiansand, i rundt fem år. Om ikkje dei simple tjuvane leverer tilbake Thomas og Nano i fin form, er det fire apekattar i reptilparken som har mista to gode kompisar.
Denne videoen frå Greenpeace er nokre år gammel. Det er ein av få tilgjengelege videoar kor du kan sjå korleis dei vakre Hainan-gibbonane ser ut.
Det finst berre rundt 25 individ av Hainan-gibbonane att. Apekattane er blant anna kjend for at makane syng duett saman når det gryr av dag.
På 1950-tallet var det 2000 av dei, men no er dei sterkt i fare for å bli utrydda.
Det er i stor grad «takka vera» gummiplantasjar og avskoging. I tillegg har dei særegne apekattane fått habitatet sitt innskrenka, og dei har hatt problem med å parra seg for å vidareføra slekta.
Men New Scientist skriv at Zoological Society of London (ZSL) har sett i gang naudtiltak for å la Hainan-gibbonane leve i mange år til.- Det er også det mest sjeldne pattedyret samt evolusjonært unikt fordi det var den fyrste av gibbon-artane til å skilja seg som ein eigen apeart, seier Samuel Turvey i ZSL.
Til saman 44 punkt i planen skal setjast i gang. Blant anna bygging av bruer i skogen og nærare overvaking av individa for å finna ut korfor ikkje nye flokkar blir danna.
– Det er høgt prioritert å sikra at arten ikkje blir utrydda. Og i tillegg har me eit mål om at det skal bli fleire av dei, og at dei får eit større geografisk område å boltra seg på. Det er det viktigaste, held Turvey fram.
Eit bilete av ein løvetamarin. Foto: Wikipedia/CreativeCommons
Til saman 17 apekattar er bortførte frå dyrehagen ZooParc de Beauval dryge 200 kilometer sør for Paris, skriv Guardian.
Det er snakk om sju løvetamarin-apar og ti sølvmarmosett-apar. Begge er truga apeartar.
Tjuveriet skjedde i helga, og dyrehagedirektør Rodolphe Delord seier at tjuvraddane greidde å komma seg usett forbi både vaktar og overvakingskamera.
– Dette er ekstremt sårbare og sjeldne apekattar som er del av eit internasjonalt avlsprogram. Det er særs viktig at dei blir funne veldig snart.
Den eine apekatten har ein skade i halen, noko som gjer at den treng dagleg tilsyn. Og kosthaldet apekattane har, er ifølgje den engelske avisa ikkje berre berre.
– Dei er veldig vanskelege å fø.
Dyrehagen er no i gong med å sjå gjennom opptak frå overvakingskamera i jakta på dei sakna apekattane. Både politi og dyrestyresmakter er varsla.
Nokre menneske blir glade når rojale babyar kjem ut frå rojale kvinnekroppar.
Mens du, lesar av ape.no, truleg kjenner like mykje glede når ein ny apekatt blir fødd.
I Japan blei prinsessefødsel og apefødsel på ein måte smelta saman til ein spesiell symbiose då apekatten «Charlotte» kom til verda i Takasakiyama dyrehage i Japan tidlegare i veka.
Det er nemlig opp til alle å røysta på kva dyrehagens fyrste apebaby for året skal heita. Og «Charlotte» vann!
Det blir spekulert på at det at Prins William og Kate Middleton har produsert ei prinsesse ved namn Charlotte Elizabeth Diana, kan ha noko med dette å gjera.
Og same kva har reaksjonane kome. Det fortel ein talsperson for dyrehagen til nyhetsbyrået AFP, skriv Guardian.
– Me har fått epostar og telefonar frå folk som meiner dette er uhøfleg mot det britiske folket.
No vurderes det å gi Charlotte eit nytt namn, noko som er heilt uforståeleg for oss i ape.no.
(Over kan du sjå videoreportasje frå den famøse, tyske avisa Bild om apetorturistane.)
Thelocal.de fortel at ved Max Planck-instituttet i Tübingen i Tyskland kom det tidlegare i år fram rystande bilete av skada og mishandla apekattar som blei brukte i forsking.
Dyrevernarar har skulda forskarane for medvite å ha torturert apekattane.
Instituttet har prøvd å tilbakevisa desse skuldingar. Dei meiner det ikkje handlar om tortur i det heile, og at videoen er teken ute av kontekst.
Målet med forskinga har blant anna vore å få meir kunnskap om sjukdommar som schizofreni, Parkinsons og Alzheimers.
Klager, og til og med drapstrugslar, har no ført til at instituttet vil stoppa ape-forsking-verksemda.
Men det vil ikkje skje med ein gong skriv thelocal.de. Instituttet vil halda på i to til tre år til med enkelte eksperiment. Det er for å fullføra eksperimenta.
(Øvst i saka kan du sjå video som viser apetorturen.)
Har du tips om tortur av apekattar i Noreg? Tips oss på arild@ape.no