Ny forsking: Om du viser ein film til ein apekatt, vil han faktisk få med seg det som skjer!

Forskarar ved Kyoto-universitetet i Japan har putta apekattar foran TV-skjermen.

Ifølgje sciencedaily.com har forskarane funne ut at apekattar er gode på å hugsa det dei har sett på TV-skjermen, sjølv om dei berre har sett det ein gong.

Dei lot apekattane sjå to filmar to gonger. I den fyrste filmen var det ein aggressiv person i apekattdrakt som kom ut av ei dør som var heilt lik ei anna dør i filmen. Den andre gongen dei såg filmen kunne forskarane ved hjelp av «auge-tracking» sjå at apekattane kikka på den døra kor «apekatt-mannen» skulle komma ut, før han kom ut.

I den andre filmen var det ein person som plukka opp eit våpen som han gjekk til åtak på «apekatt-mannen» med. Då apekattane såg filmen for andre gong festa dei blikket på våpenet før mannen tok det for å gå til åtak med.

PS! Filmen av apekatt som ser TV i toppen av saka, har ingenting med den aktuelle forskinga å gjera.

Dyrehage får lov til å importera saki-apekattar

Som ape.no kunne fortelja eksklusivt i sommar, søkte Den lille dyrehage i Gjerstad på Sørlandet om å importera saki-apekattar.

Og no kan ape.no, like eksklusivt, avsløra at Miljødirektoratet har sagt ja til dyrehagen.

Det er fleire krav som dyrehagen må oppfylla, blant anna at dyra må få ein mikro-chip implantert!

Jævlar gav mat og kinaputtar til apekatt

Tilgi språkbruken til ape.no-redaksjonen i dette tilfelle. Men når du ser dette klippet blir du forbanna. Ikkje nok med at dei lurer ein stakkar, svolten apekatt til å tru at kinaputtar er mat – dei ler hjarterått etterpå.

Den engelske avisa Daily Mail skriv at det skjedde i Malaysia. Avisa har og bilete av den skada makake-apekatten som mista ein finger som følgje av den vondskapsfulle gjerninga.

Videoen du kan sjå blei lagt på nett anonymt av torturistane. Men kjenner du igjen latteren, tips gjerne ape.no-redaksjonen!

Me får berre håpa at ein gong blir desse idiotane putta i eit bur saman med ein sint gorilla, så kan dei få kjenna på korleis det er å mista ein finger eller to.

Diskuter gjerne i kommentarfeltet kva slags straff dei bør få!