Sjå video av gorillaen som kan hosta på kommando

Gorillaen Koko kan mykje, blant anna hosta på kommando som du kan sjå i videoen over her.

Og smart som Koko er, tek ho fram handa for å få godsaker etterpå.

Den amerikanske avisa Washington Post fortel historia om Koko,

Koko er ein særs smart gorilla som blant anna også har desse dugleikane: å snyta seg i eit lommetørkle og å lata som ho snakkar i ein telefon.

Du kan sjå endå fleire videoar av Koko på heimesida til The Gorilla Foundation.

Ifølge organisasjonen skal Koko faktisk ha eit teiknspråkordforråd på rundt 1000 ord.

Du som lesar er kanskje ikkje overraska over å få vita at det ikkje er naturleg for ein gorilla å kunna 1000 ord på teiknespråk som menneska også forstår, samt det å snyta seg i eit lommetørkle er ikkje noko King Kong gjer i naturen.

Men etter å ha levd i saman med menneske i 40 år, har ho altså lært seg dette.

Sjøl om andre typer apekattar og er språkdyktige, skal Koko vera den fyrste gorillaen som har utvikla eit såpass avansert språk.

Forskarar har brukt menneskeceller til å laga apearm

Denne vetle apearmen har altså forskarane klart å laga. FOTO: Massachusetts General Hospital
Denne vetle apearmen har altså forskarane klart å laga ved hjelp av menneskelege celler.
FOTO: Massachusetts General Hospital

Verda går framover, og stadig fleire forskarar «leikar» Gud. Eit siste døme er forskarar i Boston ved Massachusetts General Hospital, som har laga ein apearm, ved å bruke celler frå menneske, skriv CNN på sine nettsider.

Målet er at seinare kan ein få til å laga menneske-armar, eller andre menneskelemmar. Derfor testar forskarane no ut dette på apekattar.

Då kan personar som har fått ein fot eller arm amputert, i staden for å få ein protese, få ein ny ekte arm eller fot.

– No er det ingen god måte å erstatta tapte lemmar, seier Harald Ott, som leiar forskinga, til CNN.

Om forskarane lukkast kan millionar av menneske som manglar minst ein arm eller fot, sjå fram til ei betre framtid. Målet er og at den nye lemmen skal vera «laga» av cellene til personen som vil få han.

Merkeleg nok seier artikkelen til CNN lite om kor viktig denne forskinga er for apekattar.

Skandale-dom i USA: Dommar omgjer dom som gav apekattar menneskelege rettar

Som trufaste ape.no-lesarar kan hugsa, i april fortalde me om den modige dommaren Barbara Jaffe frå New York.

Dommaren bestemte at det juridiske omgrepet habeas corpus og skulle gjelda for sjimpansane Hercules og Leo. Habeas corpus er noko som til no har kome menneske til gode og handlar om at du ikkje skal bli putta fengsel utan at ein uavhengig domstol har avgjort det.

To advokatar som representerte sjimpansane Hercules og Leo kravde at apekattane ikkje skulle vera innesperra for å bli gjort testar på av menneske ved Stony Brook University på Long Island i New York.

Men diverre blei saken anka, og ein ny dom har kome med ein særs uheldig konklusjon.

Nettsida Arstechnica.com, som vanlegvis skriv mest om teknologi, fortel om ein ny dom som opphevar konklusjonen til den modige dommaren Barbara Jaffe.

I den nye dommen skriv dommaren, som kanskje hatar apekattar, at «dyr, inkludert sjimpansar, er eigedom.»

Habeas Corpus skal vera berre for menneske, kom dommaren, som ikkje er namngjeven, fram til. Han/ho/hen/det slår fast at det ikkje er bra å viska ut skilellinene mellom dyr og menneske.

I den nye dommen står det vidare at meir rettar til desse apekattane kan settja presedens for andre dyr som blir heldt fanga, anten i ein heim, på ein gard eller i ein dyrehage.

Nonhuman Rights Project, som rett nok og kjempar for andre enn apekattar, seier dei vil anka vidare.

Øvst i saka kan du sjå ein fin apekattvideo av apekattar som kosar seg den staden som Hercules og Leo kunne ha blitt sendt om dei hadde vunne rettssaka.

Denne apekatten kan snakka «babyspråk»

Pan_paniscus12
Foto: Pierre Fidenci/Creative Commons/Wikipedia

Oppsiktsvekkjande ape-språk-forsking skriv den amerikanske avisa Washington Post om no om dagen.

Dvergsjimpansar, eller bonobo-apekattar om du vil vera meir politisk korrekt, nyttar nemlig eit slags pipespråk som liknar på språket som menneske-babyar nyttar.

Dvergsjimpansane, om ein skal setja lit til Darwin, er menneskets næraste slektning i dyreriket.

Dei høgfrekvente lydane som kjem frå dvergsjimpansane er for å kommunisera, og ingen andre lydar liknar meir på menneskeleg tale. Dette ifølgje forskinga som har vore leia av Zanna Clay.

Lydane har mange fellestrekk med lydane som babyar gir frå seg før dei lærer seg å snakka ordentleg.

Det som skil dvergsjimpanse-språket frå andre dyrespråk, er at andre dyr har ein type lyd som er karakteristisk for til dømes aggresivitet eller smerte.

Men dvergsjimpansane språk er ikkje så lett å tyda for utanforståande. Same type lydar nyttar dei nemleg i forskjellige kontekstar, både positive og negative.

Dette skal ifølgje forskarane vera fyrste skritt på veg til eit menneskeleg språk som me kjenner det i dag. Om du til dømes høyrer eit språk du ikkje kan noko av, og ein person har eit nøytralt kroppsspråk, klarer du ikkje naudsynt å skjønna om vedkomande er nøgd med noko eller misnøgd.

Artikkelen i Washington Post seier ingenting om menneskebabyar kan skjønna bablinga til kvarandre.

Apekatt delte ut masse pengar i India

451px-Indian_rupees

Det var litt tidlegare i sommar at det skjedde ved eit tempel i Vrindavan nord i India.

Pengesetlar verd tusenvis av kroner byrja å regna frå himmelen! Men det var ikkje manna frå hindustiske gudar, men frå ein apekatt!

Apekatten leika nemleg at han var Robin Hood og stal lommeboka til ei rik dame. Og då han hadde kome seg opp på taket opna han pengeboka hennar, og setlane flaug mot bakken.

Innan kort tid kom det mange folk som var interesserte i å karra til seg nokre av desse 500-rupi-setlane.

Dottera til den rike dama som blei frastolen pengane blei ifølgje historia og frastole mobiltelefonen sin då ho prøvde å samla inn nokre av pengane som apekatten «delte ut».

Du kan lesa meir om historia i Times of India.