Den italienske kirurgen Sergio Canavero seier at han har stått bak den fyrste vellukka hovudtranplantasjonen på ein apekatt, skriv den britiske avisa Telegraph.
Han skal ha gjort det i samarbeid med kinesiske forskarar.
Ifølge italieneren greidde han og hans lag å knytta saman blodårene i hovudet og resten av kroppen sånn at apekatten kunne overleva utan hjerneskade. Men forskarane klarte ikkje å fiksa ryggmargen og hjernesystemet. Derfor ville apekatten blitt lam om ikkje forskarane hadde drept han 20 timar etter operasjonen.
Kirurgen hevdar og at han vil prøva ein hovudtransplantasjon på eit menneske i løpet av neste år…
Ape.no-redaksjonen vonar verkeleg at det ikkje var friske apekattar som desse forskarane underla særs tvilsame operasjonsmetodar.
Som det og blir peika på i Telegraph-artikkelen, ape.no-redaksjonen tek ikkje denne nyheita for heilt god fisk enno. Det er blant anna fordi forskerane har gått ut med informasjon om prosjektet før det er blitt publisert i ein forskningsjournal kor resultata blir gjennomgått av fagfolk.