Gladsak frå USA: No skal ingen sjimpansar forskast på lenger

I videoen over for eit par år tilbake kan du sjå sjimpansen Arden som blei sluppen fri i eit reservat etter å ha blitt forska på.

No har The National Institutes of Health bestemt seg for å stoppa all forsking på sjimpansar i USA, skriv Washington Post.

50 sjimpansar som har blitt haldne i fangenskap vil no få leva resten av sine liv i eit reservat.

– Det er på tide å innsjå at det ikkje lenger er noko rettferdig grunn til å halda desse 50 sjimpansane fanga slik at dei kan bli brukte i forsking, seier direktør Francis Collins.

Ape.no-redaksjonen jublar for denne særs viktige avgjerda, og vil oppmoda andre apeforskingsdirektørar til å stoppa all forsking som blir gjort på sjimpansar og andre apekattar i verda.

Sjimpansar som mistar mammaen sin går det ikkje så bra med

fotonotahoy

Det er nettstaden Sciencedaily.com som fortel at apekattar som blei fanga i det fri i Afrika då dei var små og samstundes blei skilde frå mora si, ikkje klarer seg så bra som vaksne. Iallfall ikkje samanlikna med sjimpanse-ungar som har kunna klynga seg fast til mora si gjennom heile barndomen.

Den sosiale atferda til sjimpansane har ifølgje forskarane ved Universitetet i Wien vore signifikant forskjellig frå apekattar som har fått lov til å vera mammadaltar.

Dette viser og igjen på vaksne apekattar i fleire tiår etter at dei blei skilde frå mora si som apebabyar.

Konkret handlar det mellom anna at mamma-lause apekattar har færre vener enn andre apekattar. Dette gjeld både apekattar som har blitt mishandla gjennom å ha vakse opp i bur fordi dei blei forska på, men og apekattar som har blitt putta saman med andre apekattar i dyrehagar.

Orangutang-mor og dotter redda etter å ha blitt angripen av menneske

orangutang
Foto: International Animal Rescue

Det var International Animal Rescue som heltemodig nok redda mor og dotter som hadde flykta frå dei fæle skogbrannane i Indonesia.

Då dei flykta inn i ein landsby, blei menneska som budde der så redde at dei gjekk til åtak på dei stakkars apekattane.

Heldigvis kom snille menneske for å redda apekattane. Dei lokale skal ifølgje International Animal Rescue ha kasta ting på orangutangane før dei prøvde å binda dei fast.

Den vetle orangutang-babyen klamra seg fast til mora under heile hendinga.

Skogbrannar har råka landet dei siste to månader, noko som er særs skadeleg både for dyra, apekattane og menneska i skogane, samt at det fører til enorme klimautslepp.

Ifølgje Independent trugar skogbranane kvar tredje orangutang i heile verda.

Her kan du sjå ein video av redningsaksjonen:

Skal russerane senda apekattar til Mars i 2017!?

Den følgjande informasjonen skal ikkje ape.no gå heilt god for, sidan me ikkje har funne nyheita på veldig truverdige nyhetsnettstader.

Men for eksempel Daily Mail skriv at russerane har tenkt å senda makake-apekattar til Mars i 2017.

Dette vil i tilfelle bli longt frå fyrste gongen menneske sender apekattar ut i verdsrommet. Men det vil bli fyrste gong apekattar blir sendt til Mars.

Fire apekattar blir ifølgje den engelske tabloid-avisa trent opp til å læra seg å bruka ein joystick og å løysa matematiske oppgåver.

Det er ikkje klart om russerane har tenkt å la apekattane døy på Mars eller om dei skal hentast heim igjen.

Tech Times som er eit av dei andre media som har skrive om Mars-makakane, skriv at russerane har planar om å bli dei fyrste til å senda dyr til Mars.

Inessa Kotslovskaija som leiar laget som lærer opp apekattane, seier at dei prøver å gjera dei så inteligente så mulig slik at dei kan brukast til å oppdaga verdsrommet.