Du går i jungelen og høyrer ein apekatt brøla ordentleg, ja kanskje du til og med høyrer ein ekte brølape (ja, det heiter det). Lyden ber som berre det og du tenker kanskje (eller du tenker kanskje det ikkje, men likevel…) – «Den apekatten har nok store ballar!».
Men særs truleg har ikkje brølapen med kraftigast røyst dei største testiklane.
Det har nemleg forskarar ved University of Cambridge funne ut, skriv BBC. Dei har og fått resultata publisert Current Biology.
Som regel har ein apekatt anten svære ballar, eller kraftig røyst. Og det er særs store skilnader. Nokre apekattar har testiklar som er over seks gonger så store som andre.
Forskarane meiner og at der brølapane har meir konkurranse frå andre han-brølapekattar, må dei brøla høgare for å tiltrekkja seg ho-brølapekattar.
Denne forskinga konkluderer ikkje med om det samme gjeld menneske – at kraftige røyster tyder dårleg med balle-balle. Men forsking frå nokre år tilbake viser at menn med mørke stemmer kan ha færre sædceller i pungen sin…
PS! I toppen kan du høyra korleis brølapane høyrer ut då dei brøler laus!