Apekattar har lært stein, saks og papir

monkey-stein-saks-papir
Her lærer sjimpansen stein, saks og papir. Bilete: Kyoto University

Går du rundt og trur at du er ein mester i stein, saks og papir? Eventuelt rock, paper, scissors? Eller den tyske versjonen schnick, schnack, schnuck?

Tru om igjen! I Japan har sjimpansar lært seg spelet av forskarar ved Primate Research Insitute Kyoto University.

Men ifølgje forskarane skal det seiast at ein apekatt lærer spelet litt treigare enn eit fire år gammal menneskebarn.

Har du alltid drøymt om ei perfekt seng? Sjimpansane har knekt koden!

apesove
Foto: Picasa/Koichiro Zamma

Koichiro Zamma vakna ein dag på 90-tallet i tretoppane i skogen i Afrika. Og han tenkte at han no endeleg hadde fått seg ei perfekt natts søvn, skriv den engelske avisa Guardian.

Han hadde ikkje med seg ei dyne og ei pute opp i treeet, men låg på ei seng av greiner og blader – ei sjimpanseseng.

– Senga fjerna all spenning frå musklane mine på ein måte som vanlege senger ikkje gjer, hevdar han.

Sirka 20 år seinare har forskaren ved Kyoto universitet laga ei sjimpanseseng tilpassa oss menneske. (Du kan sjå bilete av ho rett under her)

nyseng
Foto: Koichiro Zamma

Senga er inspirert av sjimpansanes seng, og som du kan sjå på bilete er ho ganske annleis frå den senga du har heime på soverommet.

-Sjimpansesenger er laga for å omslutta kroppen. Det er derfor senga er så komfortabel, seier den 43 år gamle primatologen, ifølgje Guardian.

Han viser og til at senga er i tretoppane og dermed svingar seg, nesten som ei baby-krybbe.

Senga er berre 1,6 meter long, og det høyres kort ut, til og med for relativt småvokste japanarar. Men forskaren meiner det ikkje vil vera noko problem, fordi også sjimpansar søv med føtene utanfor senga.

Målet er no å selja denne senga på den private marknaden.

Rett under kan du sjå ein video av ein sjimpanse som lagar ei seng.

Diskuter gjerne i kommentarfeltet – vil du kjøpa ei sjimpanseseng om du får høvet?

 

 

 

Trur sjimpansar på Gud?

IMG_1708jimpanse
Tenkjer denne sjimpansen i dyrehagen i Sydney på Gud? Foto: Aperedaktøren

Det er den vanlegvis truverdige engelske nettavisa Independent som skriv om forskarane som har oppdaga den mystiske sjimpanse-oppførselen. Kan det vera «heilage ritual» som tyder at sjimpansar trur på noko religiøst?

Det er nemleg hamna på film at sjimpansar i Vest-Afrika kastar steinar på tre, og til og med puttar dei i hol i treet, slik at det blir ein haug med steinar.

Det verkar ikkje som desse steinane har noko funksjon for livet til sjimpansane her på jorda, så kan det vera at dei legg og kastar steinane på treet i von om at dei når dei døyr kan dei havna på Planet of the Apes langt der ute i verdsrommet?

Forskarane spekulerer om sjimpansane enten gjer som menneska skal ha gjort lang tid tilbake, eller at dei har etterlikna enkelte folk i Vest-Afrika som samlar steinar ved heilage tre.

– Å sjå dette, gir meg gåsehud, seier den eine forskaren ifølgje den engelske avisa.

Dritings ape gjekk kniv-bananas på bar!

Kapusinerapekatten fekk tak i alkoholhaldig drikke, før han stal ein kniv som han sat på taket og vifta med mot kundar i Paraba i Brail.

Ifølge Guardian jaga han og nokre av kundane med kniven.

Sjå han gå bananas i videoen i toppen av saka!

Til slutt blei den fulle apekatten henta av brannvesenet og slept fri i naturen. Men neidå, det var ikkje slutt likevel. Han blei fanga etter å ha plaga nokre småungar sidan ikkje greidde å la vera å terga menneska meir. Det er usikkert om kva som vil skje med apekatten no.

Skriv gjerne i kommentarfeltet kva du meiner bør skje med han!

 

Utruleg sex-, bite- og drapsdrama mellom orangutangar på Borneo

160203110924_1_540x360

Det var orangutangen Sidony som måtte bøta med livet.

Foto:Anna Marzec/Zürich Universitet/sciencedaily.com

Det er sciencedaily.com som fortel den ville historia som forskarar ved universitetet i Zürich i Sveits var vitne til.

Det er fyrste gong det er dokumentert at ein kvinneleg og ein mannleg orangutang har laga ein allianse for å drepe ein anna kvinneleg orangutang.

Det er også fyrste gong at forskarar har sett at dame-orangutangar har stått bak eit drap.

Det er ifølgje forskarane også særs sjeldan at ein kvinneleg apekatt drep ein annan kvinnleg apekatt.

Hendinga skjedde på Borneo i Indonesia i juli 2014, men har fyrst blitt offentleggjort no.

Ei stund før drapet skal drapsapekvinna, som heiter Kondor, blant anna ha blitt biten og slått av den eldre apekvinna Sidony.

Sidony som skulle bli drapsofferet skalså ha vore involvert i ein «seksuell inspeksjon» med ein mannleg ape som Kondor «hadde noko på gang med».

Etter at Kondor og manne-apen Ekko sette i gong med monkey business ein dag, avbraut Kondor akta, og gjekk til åtak på Sidony som var i nærleiken. Ekko blei og med på åtaket.

Då kom det ein ny mannleg ape og blanda seg inn, Guapo. Han kombinerte det å forsvara Sidony med å ha sex med henne.

Kondor held fram med valden mens dei to andre orangutangane «heldt på».

Til slutt fekk Guapo frakta vekk Sidony, men ho døydde diverre to veker etterpå.

Sidony som blei drepen var mykje eldre. Det nøyaktige motivet kan ikkje ape.no fortelja våre trufaste lesarar meir detaljert enn det du kan tolka av handlingane me har videreformidla frå dei sveitsiske forskarane.

Ape.no har ikkje fått tak i kommentar frå nokon av dei involverte orangutangane.

Apekatt adopterte kvalp

Dette er ei fin historie frå Erode, sør i India, der ein rhesusape har adoptert ein liten hundekvalp som verken har ei matmor eller ei hundemor.

Apekattar kan straffa andre apekattar som får meir enn dei fortener

800px-Cebus_robustus_(Crested_capuchin_monkey)

FOTO: Hung Do – Flickr. Licensed under CC BY 2.0 via Commons / Wikipedia

Det har kanskje skjedd at om du har blitt urettferdig behandla føler du for å «straffa» den som har «teke eit større kakestykke» enn deg.

Sånn er det og i apeverda. Det har forskarar ved prestisjetunge Yale og Harvard i USA funne ut, skriv sciencedaily.com.

Kapusinerapar dreg gjerne i eit tau sånn eit bord med kompisens mat fell saman om kompisen får meir mat enn rakkaren som dreg i tauet.

Sjimpansane er ikkje så hissige på straffing. Dei gjer tilsvarande om ein kompis har stole mat frå dei, ikkje om kompisen berre har fått tildelt meir mat.

Forskar Laurie Santos seier at eit av kjenneteikna på oss menneske er at me er villige til å straffa dei som bryt sosiale normar.

– Me straffar gjerne dei som skaffar seg ressursar på ein urettferdig måte og dei som gjer slemme ting mot andre, seier ho.

No har altså forskarane funne ut at dette og gjeld apekattar.

Forskinga er publisert i tidsskriftet Evolution & Human Behavior.

Italiensk kirurg hevdar å ha gjennomført hovudtransplantasjon på apekatt

apehovud

Den italienske kirurgen Sergio Canavero seier at han har stått bak den fyrste vellukka hovudtranplantasjonen på ein apekatt, skriv den britiske avisa Telegraph.

Han skal ha gjort det i samarbeid med kinesiske forskarar.
Ifølge italieneren greidde han og hans lag å knytta saman blodårene i hovudet og resten av kroppen sånn at apekatten kunne overleva utan hjerneskade. Men forskarane klarte ikkje å fiksa ryggmargen og hjernesystemet. Derfor ville apekatten blitt lam om ikkje forskarane hadde drept han 20 timar etter operasjonen.
Kirurgen hevdar og at han vil prøva ein hovudtransplantasjon på eit menneske i løpet av neste år…
Ape.no-redaksjonen vonar verkeleg at det ikkje var friske apekattar som desse forskarane underla særs tvilsame operasjonsmetodar.
Som det og blir peika på i Telegraph-artikkelen, ape.no-redaksjonen tek ikkje denne nyheita for heilt god fisk enno. Det er blant anna fordi forskerane har gått ut med informasjon om prosjektet før det er blitt publisert i ein forskningsjournal kor resultata blir gjennomgått av fagfolk.