Denne apen har eit eige ord for leopard

campbellApekatt av typen Campbell.

Foto: Creative commons /Wikipedia

Det er nettstedet discovery.com som skriv om ape-studien av den vestafrikanske «Campbell’s monkey». Den avslører at apekatten iallfall har seks ord i språket sitt. På engelsk blir dei transkribert til «boom-boom, krak, krak-oo, hok, hok-oo og wak-oo».

«Krak» betyr leopard, mens «krak-oo» tyder «ikkje-leopard-relaterte farar» som til dømes greiner som fell, skriv nettsida.

Apekattane bruker til og med ord i setningar. «Boom-boom-krak-oo» tyder noko i nærleiken av «pass deg for fallande greiner».

Forskarane testa ut orda på 42 forskjellige apekattar, og då «krak» (altså leopard») blei sagt, frika apekattane ordentlig ut.

Dette skal vera det mest avanserte «dyrespråket» som er oppdaga til no.

Det var forskningsjournalen Proceedings of the Royal Society B som fyrst publiserte studien.

PS! Hos Aftenposten kan du forresten lesa ei gladsak om apekattar som blei friske av Ebola!

Sjå kva som skjer når turisten viser fingeren til apekatten

Det heiter at du skal respektera din neste. Det gjeld også din neste apekatt.

Det fekk ein turist i India (det landet kryr av apenyhende!) erfara.

I videoen, som er teke frå eit overvakingskamera, viser ein av dei mange apekattene i byen Shimla at han ikkje let seg hersa med.

Sei di meining i kommentarfeltet: Var det ein ok reaksjon av apekatten?

Amerikansk dommar gir sjimpansar menneskelege rettar

Schimpanse_Zoo_Leipzig

Foto: Wikipedia/Creative Commons

Har dette skjedd med deg? Du ser på eit bilete av ein sjimpanse og tenker at det liknar veldig på eit menneske? Det var kanskje det dommar Barbara Jaffe frå New York hadde gjort før ho kom med sin dom måndag.

Dommaren bestemte at det juridiske omgrepet habeas corpus og skal gjelda for sjimpansane Hercules og Leo, skriv Guardian.

Habeas corpus er noko som til no har kome menneske til gode og handlar om at du ikkje skal bli putta fengsel utan at ein uavhengig domstol har avgjort det.

I dette konkrete tilfellet med Hercules og Leo har to advokatar kravd at apekattane ikkje skal vera innesperra for å bli gjort testar på av menneske ved Stony Brook University på Long Island i New York.

Steven Wise, den leiande advokaten i saka, fortel til Guardian at han og andre advokatar klaska lanke over telefonen etter at dommen kom.

Wise meiner at sjimpansar er så intelligente, emosjonelt komplekse og sjølvmedvetne at dei fortener enkelte grunnleggjande menneskerettar, som til dømes retten til ikkje å bli innesperra ulovleg.

Saken er anka, og ape.no vil følgja opp saka når det kjem ny dom.

Kva meiner du? Bør apekattar ha menneskerettar? Debatter i kommentarfeltet!

Unik penis avslørte ny type ape

Bladet New Scientist har ein veldig artig historie om  Macaca Leucogenys, ein slags skjeggape som nettopp er oppdaga som eigen art.

Det er i sør-austlege Tibet apen er oppdaga. Det som skil den frå andre apekattar i Macaca-familien er at penisen har spesielle trekk, glansen er særegen og han har eit mørkt og hårete skrotum.

Leveområda til apekatten er frå omtrent 1400 til 2700 meter over havet i skog-terreng.

– Det er eit område som er lite utforska, delvis på grunn av politiske konfliktar, seier Paul Garber, sjefredaktør for American Journal of Primatology, kor funnet fyrst blei publisert.

Michael A. Schillaci, ein antropolog ved University of Toronto, er litt skeptisk til at ein kan sjå fast at det er ein ny art allereie.

– Berre DNA kan prova apekattens skilnad.

Heilt øvst kan du se ein video som viser korleis apekatten ser ut.

Ape drap tenåring

Harry (17)  jobba på ein tekstilfabrikk i Chandigarh, nord i India. Men 31. mars var han særs uheldig då ein apekatt, som var på toppen av ein bygning, kasta ein murstein. Den mursteinen traff diverre Harry i hovudet. 17-åringen stod utanfor ein butikk då ulukka skjedde, og fire dagar seinare døydde han, skriv avisa The Tribune.

Ein slektning av Harry, Paramjit Singh, legg skulda på styresmaktene i byen, som han meiner ikkje har kontroll over apekattane i byen.

– Hordar av apekattar har skremt innbyggjarane i byen med deira terroriserande gjerningar, fortel han.

Også andre stader i India har apekattar skapt problem den siste tida. I Aftenposten kan du lesa om dei heilage apekattane i Varanasi som øydelegg for utbygginga av internett i byen.

Sveriges statsminister nektar 9-åring å ha apekatt som kjæledyr

76304ecb

Stefan Löfven (Pressebilete)

Lorin Eroglu på 9 år har ein draum. En draum me i ape.no godt kan forstå, nemleg å ha ein apekatt som kjæledyr.

Men i Sverige, som i Noreg, er det ikkje lov å ha sjimpansar, orangutangar og andre flotte ape-dyr, som kjæledyr.

Etter at Lorin ikkje fekk gehør frå faren sin om få ein «Herr Nilsson», skreiv ho eit brev til statsminister Stefan Löfven, melder Sveriges Radio på nett.

– Spørsmåla hagla over meg. Og til slutt ville eg redda situasjonen og sa at det var statsministeren som bestemmer, seier far Kemal Eroglu.

Det førte altså til at dottera sendte brev til statsministeren.

– Eg synest at apekattar er så morosamme og søte, seier Lorin.

Löfven svarte at han meiner at apekattar er fine dyr, men at dei ikkje har godt av å vera husdyr. Derfor er det forbode.

Hos Sveriges Radio kan du og høyra ein ape-radioreportasje.