Pirat-ape beit sminkedama i øyra på filmsett i Australia

Barbossa_introduced

Har du sett Pirate of the Carribbean-filmane? Då har du sjølvsagt lagt merke til apekatten Jack, som er den store helten i filmen.

No har han gjort ei ny bragd.

På filmsettet i Australia for den femte filmen i rekka, Dead men tell no tales, som faktisk to nordmenn skal regissera, gjekk ein kapusinerape til åtak, skriv Guardian.

Sminkedama i 50-åra skal ha sete stille, då apekatten såg sitt snitt til å smaka på øyra hennar.

Ein talsperson for Queenslands ambulansetenester seier at skaden ikkje er alvorleg.

– Me trur (altså berre trur red.anm.) at dama ikkje gjorde nokre forsøk på å nærma seg apekatten, seier talspersonen.

Bitinga skjedde på eit anna filmsett, men apekatten skal ha vore «tilsett» ved Pirates of the Caribbean-filmsettet. Det er likevel ikkje heilt stadfesta at den bitande apekatten er ein av dei to som har fått spesialløyve til å komma til Australia for å spela «Jack the monkey».

Ape.no har ikkje prøvd å kontakta dei norske regissørane for å få ein kommentar til hendinga.

Sjimpansar drept etter at dei forsvarte seg som følgje av at dei blei skotne etter at dei rømte frå dyrepark på Kanariøyene

Foto: Fuerteventura Oasis Park

Det var fredag morgon det skjedde. Tre sjimpansar, King, Cheeta og Felipa greidde å rømma frå ein dyrepark på øya.

Alle var godt vaksne apekattar som hadde vore i parken i 30 år.

Som følge av dette blei tre menneske  skada, ein av dei alvorleg, skriv canarijournalen.no.

Det var då dei tilsette prøvde å skyta sjimpansane med bedøvingspiler, at dei blei skada av sjimpansane.

Det tristaste av alt med denne historia er at King og Felipa blei drept av politiet. Cheeta lever framleis.

Ifølgje ei pressemelding som Canarijournalen viser til, er den byråkratisk formulerte årsaka til rømminga denne: «ei hending i tryggleiksprotokollen for primatanes fasilitetar».

Delta gjerne i kommentarfeltet – kan du skjønna at sjimpansane fekk lyst til å denga litt laus etter å ha vore fanga i bur i over 30 år, og då dei fyrst får litt fridom blir dei skotne på?

Sjå video av slemme folk i India som kidnappar apekatt

Videoen over er frå delstaten Maharashtra, vest i India. Han viser eit grusomt brot, når to menn fangar ein apekatt og puttar han i bagasjerommet, mens venene til den kidnappa apekatten står fortvila og ser på.

Som India.com skriv, det er ei umenneskeleg handling. Også uapeleg, må ape.no-redaksjonen få leggja til.

Kva dei slemme kidnapparen skal gjera med apekatten er heilt ukjent. Men om du ser to mistenkelege personar som liknar på dei i videoen, og dei har ein apekatt med seg – tips gjerne ape.no-redaksjonen!

Popcorn-nysgjerrig apekatt beit av fingertuppen til sju-åring!

Det er ukjend for ape.no-redaksjonen om det var ein av desse krabatane som stod bak bitinga. Foto: Pressebilete frå safaripark.de
Det er ukjend for ape.no-redaksjonen om det var ein av desse krabatane som stod bak bitinga.
Foto: Pressebilete frå safaripark.de

I Tyskland, mellom Bielefeld og Paderborn om du er lokalkjend, ligg Zoo Safaripark Stukenbrock.

Som i alle dyrehagar med respekt for seg sjølve, har også denne parken apekattar. Dyrehagen har til og med eit «apetog».

Men for nokre dagar sidan gjekk det gale. Ein sjuåring sat om bord i toget og åt popcorn. Det merka ein av apekattane seg og blei veldig nysgjerrig.

Apekatten prøvde å snappa popcornet frå guten. Det greidde han ikkje, men derimot fekk han til  å bita av sju-åringens peikefingertupp på høgrehanda.

Det er ikkje klarlagt om guten har putta fingrane ut av gittervindauge, eller om apekatten har greidd å få munnen sin gjennom gitteret, noko som dyrehagen dog meiner er umogleg.

Ein talsperson for dyrehagen seier at dei ønskjer guten god betring.

Les meir om saka hos Osnabrücker Zeitung.

Eksklusivt: Dyrehage på Sørlandet vil importera Saki-apekattar

To apekattar av denne typen kan du kanskje få sjå på Sørlandet i framtida. Foto: Hans Hillewaert/Wikipedia/Creative Commons - http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Pithecia_pithecia.jpg
To apekattar av denne typen kan du kanskje få sjå på Sørlandet i framtida.
Foto: Hans Hillewaert/Wikipedia/Creative Commons – http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Pithecia_pithecia.jpg

Ved hjelp av grundig research i offentlege postjournalar kan no ape.no avsløra at Den lille dyrehage i Gjerstad på Sørlandet har søkt Miljødirektoratet om å importera to kvithovudsakiar.

Dyrehagen som har ein slags regnskog,  vil gjerne importera to hannar frå Tyskland. Dei skriv i søknaden ape.no har fått innsyn i,  at dei samarbeidar med Regnskogfondet, og at dei betaler 6 kroner per inngangsbillett til det fondet.

Dei to saki-apane vil vera ein viktig del av undervisningsopplegget om regnskogen, skriv dei vidare i søknaden.

Ved førre årsskifte var det rundt 350 Saki-apekattar i Europa. Deira naturlege habitat er nord i Sør-Amerika, kan ein lesa på Wikipedia.

Bli med i debatten i kommentarfeltet – Er det ok at apekattar lever i dyrehagar?

Apekattar kan laga bål og grilla marshmallows, korfor gjer dei det ikkje oftare?

Videoen øvst her viser altså ein sjimpanse som lagar bål og så grillar marshmallows på bålet. Det er litt i «du trur det ikkje før du får sjå det»-sjangeren.

Men ok, då har me lært det. Apekattar kan laga seg mat, så då er spørsmålet, korfor gjer dei det ikkje oftare?

Det spørsmålet stilte to forskarar seg og drog for å vitja nokre apekattar i Kongo, skriv den tyske avisa Die Zeit.

Forskarane fann blant anna ut at apekattane likar betre å eta kokte poteter enn rå poteter – ein preferanse dei deler med oss menneske.

Apekattane godtok og å venta lengre på maten når dei visste at den blei omgjort til noko som var betre enn rå mat.

Men om dei kongolesiske apekattane hadde greidd å laga eit bål og så koka potetene på same måte som sjimpansen i videoen over, får me ikkje vita. Forskarane meinte det hadde vore for farlig å la dei kongolesiske apekattane leika med eld.

Grunnane til at apekattane sjølve ikkje driv og foredlar mat i det fri, er ifølgje forskarane følgjande:

1. Apekattar har (iallfall enno) ikkje klart å bli herre over elden.

2. Slik den hierarkiske apeverda er sett saman vil det truleg vera særs vanskeleg å få flokken til å samarbeida slik at ingen stikk av med maten før den er ferdig-foredla.

Er du overraska over denne forskinga? Diskuter i kommentarfeltet!