Apekatt adopterte kvalp

Dette er ei fin historie frå Erode, sør i India, der ein rhesusape har adoptert ein liten hundekvalp som verken har ei matmor eller ei hundemor.

Apekattar kan straffa andre apekattar som får meir enn dei fortener

800px-Cebus_robustus_(Crested_capuchin_monkey)

FOTO: Hung Do – Flickr. Licensed under CC BY 2.0 via Commons / Wikipedia

Det har kanskje skjedd at om du har blitt urettferdig behandla føler du for å «straffa» den som har «teke eit større kakestykke» enn deg.

Sånn er det og i apeverda. Det har forskarar ved prestisjetunge Yale og Harvard i USA funne ut, skriv sciencedaily.com.

Kapusinerapar dreg gjerne i eit tau sånn eit bord med kompisens mat fell saman om kompisen får meir mat enn rakkaren som dreg i tauet.

Sjimpansane er ikkje så hissige på straffing. Dei gjer tilsvarande om ein kompis har stole mat frå dei, ikkje om kompisen berre har fått tildelt meir mat.

Forskar Laurie Santos seier at eit av kjenneteikna på oss menneske er at me er villige til å straffa dei som bryt sosiale normar.

– Me straffar gjerne dei som skaffar seg ressursar på ein urettferdig måte og dei som gjer slemme ting mot andre, seier ho.

No har altså forskarane funne ut at dette og gjeld apekattar.

Forskinga er publisert i tidsskriftet Evolution & Human Behavior.

Italiensk kirurg hevdar å ha gjennomført hovudtransplantasjon på apekatt

apehovud

Den italienske kirurgen Sergio Canavero seier at han har stått bak den fyrste vellukka hovudtranplantasjonen på ein apekatt, skriv den britiske avisa Telegraph.

Han skal ha gjort det i samarbeid med kinesiske forskarar.
Ifølge italieneren greidde han og hans lag å knytta saman blodårene i hovudet og resten av kroppen sånn at apekatten kunne overleva utan hjerneskade. Men forskarane klarte ikkje å fiksa ryggmargen og hjernesystemet. Derfor ville apekatten blitt lam om ikkje forskarane hadde drept han 20 timar etter operasjonen.
Kirurgen hevdar og at han vil prøva ein hovudtransplantasjon på eit menneske i løpet av neste år…
Ape.no-redaksjonen vonar verkeleg at det ikkje var friske apekattar som desse forskarane underla særs tvilsame operasjonsmetodar.
Som det og blir peika på i Telegraph-artikkelen, ape.no-redaksjonen tek ikkje denne nyheita for heilt god fisk enno. Det er blant anna fordi forskerane har gått ut med informasjon om prosjektet før det er blitt publisert i ein forskningsjournal kor resultata blir gjennomgått av fagfolk.

Familie forstyrra apekattar som hadde sex på bilpanser

Når du ser videoen over her (ape.no må åtvara mot sterke bilete) kan du sjå to apekattar som set i gang med monkey business på eit bilpanser.

Men familien som sit inni bilen let ikkje apekattane vera i fred. Dei byrjar å filma, og ei lita jente viser så lite respekt at ho set i gang med å skrika!

Ifølge avisa Metro skjedde dette i ein safari-park i England.

Er du interessert i litt meir seriøst apenytt?

Då kan ape.no tilrå deg å lesa om kjempeapekatten som døydde ut på grunn av at han ikkje klarte å endra kosthaldet sitt etter at klimaet blei forandra. Les meir om det hos Dagbladet eller Guardian.

 

Også apekattar har gehør

399px-Marmoset_copy
Foto: Carmem A. Busko, Creative Commons, Wikipedia

Den britiske tabloidavisa Daily Mail har ei interessant nyheit om apekattar og musikk.

Tidlegare har man trudd at det berre var menneske som hadde gehør.

Men forskarar ved Johns Hopkins University School of Medicine i Baltimore, USA har no funne ut at dei små marmoset-apekattane og har gehør. Eit bilde av ein slik krabat kan du sjå i toppen av saka.

Resultata blei presentert i tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Science i romjula.

Måten forskarane har funne dette ut på er at dei har studert hjernane til marmoset-apekattane. Der har dei funne ut at nokre nerveceller i hjernen reagerer på forskjellen på høge og låge tonar.