FOTO: Hung Do – Flickr. Licensed under CC BY 2.0 via Commons / Wikipedia
Det har kanskje skjedd at om du har blitt urettferdig behandla føler du for å «straffa» den som har «teke eit større kakestykke» enn deg.
Sånn er det og i apeverda. Det har forskarar ved prestisjetunge Yale og Harvard i USA funne ut, skriv sciencedaily.com.
Kapusinerapar dreg gjerne i eit tau sånn eit bord med kompisens mat fell saman om kompisen får meir mat enn rakkaren som dreg i tauet.
Sjimpansane er ikkje så hissige på straffing. Dei gjer tilsvarande om ein kompis har stole mat frå dei, ikkje om kompisen berre har fått tildelt meir mat.
Forskar Laurie Santos seier at eit av kjenneteikna på oss menneske er at me er villige til å straffa dei som bryt sosiale normar.
– Me straffar gjerne dei som skaffar seg ressursar på ein urettferdig måte og dei som gjer slemme ting mot andre, seier ho.
No har altså forskarane funne ut at dette og gjeld apekattar.
Forskinga er publisert i tidsskriftet Evolution & Human Behavior.