Skal russerane senda apekattar til Mars i 2017!?

Den følgjande informasjonen skal ikkje ape.no gå heilt god for, sidan me ikkje har funne nyheita på veldig truverdige nyhetsnettstader.

Men for eksempel Daily Mail skriv at russerane har tenkt å senda makake-apekattar til Mars i 2017.

Dette vil i tilfelle bli longt frå fyrste gongen menneske sender apekattar ut i verdsrommet. Men det vil bli fyrste gong apekattar blir sendt til Mars.

Fire apekattar blir ifølgje den engelske tabloid-avisa trent opp til å læra seg å bruka ein joystick og å løysa matematiske oppgåver.

Det er ikkje klart om russerane har tenkt å la apekattane døy på Mars eller om dei skal hentast heim igjen.

Tech Times som er eit av dei andre media som har skrive om Mars-makakane, skriv at russerane har planar om å bli dei fyrste til å senda dyr til Mars.

Inessa Kotslovskaija som leiar laget som lærer opp apekattane, seier at dei prøver å gjera dei så inteligente så mulig slik at dei kan brukast til å oppdaga verdsrommet.

Jo høgare ein brølape brøler, jo mindre ballar har han

Du går i jungelen og høyrer ein apekatt brøla ordentleg, ja kanskje du til og med høyrer ein ekte brølape (ja, det heiter det). Lyden ber som berre det og du tenker kanskje (eller du tenker kanskje det ikkje, men likevel…) – «Den apekatten har nok store ballar!».

Men særs truleg har ikkje brølapen med kraftigast røyst dei største testiklane.

Det har nemleg forskarar ved University of Cambridge funne ut, skriv BBC. Dei har og fått resultata publisert Current Biology.

Som regel har ein apekatt anten svære ballar, eller kraftig røyst. Og det er særs store skilnader. Nokre apekattar har testiklar som er over seks gonger så store som andre.

Forskarane meiner og at der brølapane har meir konkurranse frå andre han-brølapekattar, må dei brøla høgare for å tiltrekkja seg ho-brølapekattar.

Denne forskinga konkluderer ikkje med om det samme gjeld menneske – at kraftige røyster tyder dårleg med balle-balle. Men forsking frå nokre år tilbake viser at menn med mørke stemmer kan ha færre sædceller i pungen sin…

PS! I toppen kan du høyra korleis brølapane høyrer ut då dei brøler laus!

Gorillaen Koko har adoptert to kattungar

Gorillaen Koko er slett ikkje koko. Ho kan teiknespråk, pluss at ho er særs god å hosta på kommando som Ape.no tidlegare har fortalt verda om.

No har ho ifølgje den engelske avisa Independent, adoptert to kattungar.

Det var ei gåve på 44-årsdagen hennar, og Koko blei særs glad.

Ved hjelp av teiknespråk har nemleg Koko i fleire år ytra at ho har lyst på baby. Og no har ho på ein måte fått ønsket sitt oppfylt.

Korleis det gjekk då gorillaen møtte kattungane kan du sjå i videoen over.

Ny forsking: Om du viser ein film til ein apekatt, vil han faktisk få med seg det som skjer!

Forskarar ved Kyoto-universitetet i Japan har putta apekattar foran TV-skjermen.

Ifølgje sciencedaily.com har forskarane funne ut at apekattar er gode på å hugsa det dei har sett på TV-skjermen, sjølv om dei berre har sett det ein gong.

Dei lot apekattane sjå to filmar to gonger. I den fyrste filmen var det ein aggressiv person i apekattdrakt som kom ut av ei dør som var heilt lik ei anna dør i filmen. Den andre gongen dei såg filmen kunne forskarane ved hjelp av «auge-tracking» sjå at apekattane kikka på den døra kor «apekatt-mannen» skulle komma ut, før han kom ut.

I den andre filmen var det ein person som plukka opp eit våpen som han gjekk til åtak på «apekatt-mannen» med. Då apekattane såg filmen for andre gong festa dei blikket på våpenet før mannen tok det for å gå til åtak med.

PS! Filmen av apekatt som ser TV i toppen av saka, har ingenting med den aktuelle forskinga å gjera.

Jævlar gav mat og kinaputtar til apekatt

Tilgi språkbruken til ape.no-redaksjonen i dette tilfelle. Men når du ser dette klippet blir du forbanna. Ikkje nok med at dei lurer ein stakkar, svolten apekatt til å tru at kinaputtar er mat – dei ler hjarterått etterpå.

Den engelske avisa Daily Mail skriv at det skjedde i Malaysia. Avisa har og bilete av den skada makake-apekatten som mista ein finger som følgje av den vondskapsfulle gjerninga.

Videoen du kan sjå blei lagt på nett anonymt av torturistane. Men kjenner du igjen latteren, tips gjerne ape.no-redaksjonen!

Me får berre håpa at ein gong blir desse idiotane putta i eit bur saman med ein sint gorilla, så kan dei få kjenna på korleis det er å mista ein finger eller to.

Diskuter gjerne i kommentarfeltet kva slags straff dei bør få!