Skandale-dom i USA: Dommar omgjer dom som gav apekattar menneskelege rettar

Som trufaste ape.no-lesarar kan hugsa, i april fortalde me om den modige dommaren Barbara Jaffe frå New York.

Dommaren bestemte at det juridiske omgrepet habeas corpus og skulle gjelda for sjimpansane Hercules og Leo. Habeas corpus er noko som til no har kome menneske til gode og handlar om at du ikkje skal bli putta fengsel utan at ein uavhengig domstol har avgjort det.

To advokatar som representerte sjimpansane Hercules og Leo kravde at apekattane ikkje skulle vera innesperra for å bli gjort testar på av menneske ved Stony Brook University på Long Island i New York.

Men diverre blei saken anka, og ein ny dom har kome med ein særs uheldig konklusjon.

Nettsida Arstechnica.com, som vanlegvis skriv mest om teknologi, fortel om ein ny dom som opphevar konklusjonen til den modige dommaren Barbara Jaffe.

I den nye dommen skriv dommaren, som kanskje hatar apekattar, at «dyr, inkludert sjimpansar, er eigedom.»

Habeas Corpus skal vera berre for menneske, kom dommaren, som ikkje er namngjeven, fram til. Han/ho/hen/det slår fast at det ikkje er bra å viska ut skilellinene mellom dyr og menneske.

I den nye dommen står det vidare at meir rettar til desse apekattane kan settja presedens for andre dyr som blir heldt fanga, anten i ein heim, på ein gard eller i ein dyrehage.

Nonhuman Rights Project, som rett nok og kjempar for andre enn apekattar, seier dei vil anka vidare.

Øvst i saka kan du sjå ein fin apekattvideo av apekattar som kosar seg den staden som Hercules og Leo kunne ha blitt sendt om dei hadde vunne rettssaka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s