Den siste danske forsøksape er død

FOTO: Flemming Højer/Sct Hans
FOTO: Flemming Højer/Sct Hans Hospital

Mens det mange stader i verda diverre framleis blir gjort forsøk på apekattar, til dømes i USA og Tyskland, har danskane slutta med det.

Politiken har ein veldig interessant reportasje om den siste danske forsøksapen som no er død, og historia knytt til apeforsøk i nabolandet i sør.

Sebastian blei 31 år og var den siste overlevande før han blei avliva for eit par veker sidan som følge av ein hjartesjukdom. Sine siste år levde han i ein dyrepark, men i sine yngre år lidde han og hans venner fordi dei blei forska på.

– Då eg gjekk heim om kvelden, blei apane ståande i bura. Det tenkte eg naturlegvis på, men eg kunne heller ikkje akseptera alternativet – skulle me gi opp å utvikla nye legemiddel eller gi pasientar medisinar som ikkje var testa skikkeleg? seier Thomas Werge som er leiar ved forskningsdelen på Sct. Hans Hospital.

Frå 1980-talet til 2004 blei store delar av anti-psykotiske medisinar som i dag blir brukte i Danmark fyrst testa ut på Sebastian og hans vener. Apekattane blei og gitt amfetamin.

Grunnen til at det blei stoppa i 2004, var i hovudsak at EU stramma kraftig inn på moglegheitene for å gjera forsøk på apekattar.

På den andre staden i Danmark kor det blei gjort apeforsøk, på tannlegehøgskulen i Århus, blei apane likvidert. Men det psykiatriske sjukehuset Sct. Hans i Roskilde fekk sikra at dei 12 hannapekattane fekk leva vidare i ein dyrehage i Djursland. Dei to ho-apekattane blei likevel avliva.

Hos Politiken kan du lesa meir om korleis dei danske apekattane blei påverka av forsøka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s