Skal prøva å redda verdas sjeldneste ape

Denne videoen frå Greenpeace er nokre år gammel. Det er ein av få tilgjengelege videoar kor du kan sjå korleis dei vakre Hainan-gibbonane ser ut.

Det finst berre rundt 25 individ av Hainan-gibbonane att. Apekattane er blant anna kjend for at makane syng duett saman når det gryr av dag.

På 1950-tallet var det 2000 av dei, men no er dei sterkt i fare for å bli utrydda.

Det er i stor grad «takka vera» gummiplantasjar og avskoging. I tillegg har dei særegne apekattane fått habitatet sitt innskrenka, og dei har hatt problem med å parra seg for å vidareføra slekta.
Men New Scientist skriv at Zoological Society of London (ZSL) har sett i gang naudtiltak for å la Hainan-gibbonane leve i mange år til.- Det er også det mest sjeldne pattedyret samt evolusjonært unikt fordi det var den fyrste av gibbon-artane til å skilja seg som ein eigen apeart, seier Samuel Turvey i ZSL.

Til saman 44 punkt i planen skal setjast i gang. Blant anna bygging av bruer i skogen og nærare overvaking av individa for å finna ut korfor ikkje nye flokkar blir danna.

– Det er høgt prioritert å sikra at arten ikkje blir utrydda. Og i tillegg har me eit mål om at det skal bli fleire av dei, og at dei får eit større geografisk område å boltra seg på. Det er det viktigaste, held Turvey fram.

Her kan du lesa meir om dei særs sjeldne apekattane som berre held til på den kinesiske øya Hainan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s