Tjuvraddar har stole sjeldne apekattar i Frankrike

Golden_Lion_Tamarin_Leontopithecus_rosalia

Eit bilete av ein løvetamarin. Foto: Wikipedia/CreativeCommons

Til saman 17 apekattar er bortførte frå dyrehagen ZooParc de Beauval dryge 200 kilometer sør for Paris, skriv Guardian.

Det er snakk om sju løvetamarin-apar og ti sølvmarmosett-apar. Begge er truga apeartar.

Tjuveriet skjedde i helga, og dyrehagedirektør Rodolphe Delord seier at tjuvraddane greidde å komma seg usett forbi både vaktar og overvakingskamera.

– Dette er ekstremt sårbare og sjeldne apekattar som er del av eit internasjonalt avlsprogram. Det er særs viktig at dei blir funne veldig snart.

Den eine apekatten har ein skade i halen, noko som gjer at den treng dagleg tilsyn. Og kosthaldet apekattane har, er ifølgje den engelske avisa ikkje berre berre.

– Dei er veldig vanskelege å fø.

Dyrehagen er no i gong med å sjå gjennom opptak frå overvakingskamera i jakta på dei sakna apekattane. Både politi og dyrestyresmakter er varsla.

Har du sett apekattane? Kontakt dyrehagen her og send gjerne eit tips til arild@ape.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s