Apeskandale i Florida

I Florida i USA har TV-kanalen Wink News rulla opp ein kjempe-ape-skandale dei siste dagane.

David Roebuck som har arbeidd på ein såkalla monkey farm(!) fortel til TV-kanalen om dei grusomme tinga han blei bedt om å gjera på ape-farmen.

– Eg visste at eg ikkje kunne leva med meg sjølv om skulle gjera det.

Det grusomme han snakkar om, er at han fekk ordre om å gjennomføra keisarsnitt-abortar på dei stakkars gravide ho-apane.

Så blei organa til dei døde fostera selt til legemiddelindustrien. Mødrene blei så pumpa for melk, som igjen blei selt til legemiddelfirma.

Arbeidaren slutta etter berre to dagar. Dei lokale styresmaktene har no sett i gang etterforskning av firmaet.

Leiaren for firmaet seier til TV-stasjonen at det dei gjer kan føra til at mange færre levande dyr treng bli brukte til dyreforsøk i framtida, og at dei driv på ein human måte.

Primate Products er den største og eldste ape-farmen i området.

Øvst kan du sjå ein reportasje frå Wink News om ape-skandalen.

Her kan du lesa meir om saka og sjå ein TV-reportasje.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s